Digitalt samfunnsengasjement. Omfang, utvikling og ulikskap
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3178960Utgivelsesdato
2025Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Med utgangspunkt i ein serie spørjeundersøkingar blant representative utval av nordmenn mellom 2011 og 2023 har me i denne rapporten undersøkt omfang, utvikling og sosiale skilje i nordmenn sitt mediebruksmønster knytt til innhald om samfunn og politikk og digitale uttrykk for samfunnsengasjement.
Dei empiriske analysane syner mellom anna at TV og radio blir brukt meir til stoff om politikk og samfunn enn sosiale medium. Som følgje av at den generelle tidsbruken på Facebook har gått ned dei siste åra, blir det også brukt mindre tid på stoff om politikk og samfunn på Facebook. Alder ser ut til å vere det personkjenneteiknet som skaper dei klaraste skilja i mediebruksmønster, der dei over 60 år bruker tradisjonelle medium til stoff om politikk og samfunn og i mindre grad bruker digitale og nettbaserte medium, medan dei yngste aldersgruppene har eit mediebruksmønster som er meir prega av nye sosiale medium, der dei
enten bruker dei til å konsumere stoff om politikk og samfunn eller til heilt andre ting.