Klima og migrasjon : To casestudier av sivilsamfunnsorganisering i ei ny tid
Abstract
Utgangspunktet for denne rapporten har vore å identifisere korleis nye utviklings- og endringstrekk i det norske samfunn påverkar sivilsamfunnet gjennom etablering av nye fellesskap med nye former for organiseringsstruktur og samfunnsrolle. Rapporten er basert på to casestudiar som illustrerer nye organisasjonsformer som har fått fotfeste i det norske sivilsamfunnet. Den fyrste casestudien er av grasrotinitativet Bærekraftige Liv i Bergen, og deandre er ein studie som inkluderer åtte nasjonale organisasjonar for barn og unge med fleirkulturell bakgrunn. Det er to svært ulike caser, men som har det til felles at dei svarer på globale utfordringar som strekk seg utover nasjonalstatens rammer, nemleg klima og migrasjon. Dei to studiane gjev dømer på korleis einskilde organisasjonar i dag kan fylle fleire roller og sivilsamfunnsfunksjonar samtidig – både politisk, sosialt og økonomisk. Studiane syner at det i sivilsamfunnet i Noreg stadig veks fram organisasjonar som grip tak i aktuelle samfunnsutfordringar og som formidlar og stimulerer til engasjement og nye organiseringsformer. Casa illustrerer korleis både det norske samfunnet generelt- og sivilsamfunnet spesielt- er påverka og inspirert av internasjonale og globale trendar og føringar. Slike føringar kan stimulere til lokalt og nasjonalt engasjement som må sjåast i ein global samanheng,