Frivillig innsats og livskvalitet blant innvandrarar i Noreg
Abstract
I denne rapporten har me undersøkt forholdet mellom deltaking i frivillig arbeid og livskvalitet blant innvandrarar i Noreg. Ved hjelp av tre rundar av livskvalitetsundersøkinga til SSB (2020, 2021, og 2022) har me analysert tre forskingsspørsmål: 1) Er det ein samanheng mellom indikatorar for livskvalitet og frivillig arbeid blant innvandrarar i Noreg? 2) Er det forskjellar mellom innvandrarar og befolkninga elles når det gjeld samanhengen mellom livskvalitet og frivillig arbeid? 3) Er det forskjellar mellom ulike innvandrargrupper når det gjeld samanhengen mellom livskvalitet og frivillig arbeid?
Når det gjeld koplinga mellom frivillig arbeid og livskvalitet, finn me ein positiv samanheng, som er tilnærma lik blant innvandrarar og befolkninga elles. Innvandrarar som har delteke i frivillig arbeid, skårar noko høgare på livskvalitetsindeksen enn innvandrarar som ikkje har delteke i frivillig arbeid, men samanlikna med betydninga av særleg helse for livskvalitet, er betydninga av frivillig arbeid lita. Auka tidsbruk på frivillig arbeid er heller ikkje knytt til ein tydeleg auke i livskvalitet.
Når det gjeld forskjellar mellom ulike innvandrargrupper med omsyn til samanhengen mellom livskvalitet og frivillig arbeid, viser resultata at den positive samanhengen mellom frivillig arbeid og livskvalitet er relativt lik på tvers av ulike sosiale sosioøkonomiske og helsemessige karakteristikkar i innvandrarbefolkninga.